Er du ny i Dovre og Lesja? Eller har du budd her lenge, men ynskjer å treffe nye folk? Lære noko nytt? Har du kome hit nyleg eller for fleire år sidan, og merkar at det framleis er mykje du lurer på? I det felles bu- og blilystprosjektet Tålåst vil Dovre og Lesja kommune skape nye møteplassar og styrka fellesskap i bygdene våre.
Tanken er enkel: Dovre og Lesja er to tett samanvovne kommunar, der folk kryssar kommunegrensa dagleg for å reise på jobb eller fotballtrening eller besøk. Med treårig støtte frå Innlandet fylkeskommune skal vi no gjera det enda enklare å få med seg kva som skjer i bygdene våre ved at både Dovre og Lesja tek i bruk Friskus.
Vi skal òg skape fleire trivelege møteplassar der både nye og gamle innbyggarar kan treffe kvarandre. Slik vil vi gjera det enklare å finne seg til rette for deg som er ny. Med nye venskap og kontaktar bind vi bygdene våre saman.
Følg med her framover - vi gler oss. Oss tålåst!