Døden har alltid vore ein del av kunsten. I dette foredraget utforskar Renate Rivedal korleis kunstnarar gjennom tidene har brukt døden som motiv og metafor – frå mørke symbol og religiøse skildringar, til sterke personlege uttrykk. Ei reise gjennom kunsthistoria sett frå livet si siste grense.
Renate Rivedal er kunstformidlar og foredragshaldar med solid bakgrunn i kunsthistorie. Ho er fast kulturjournalist i Bergens Tidende.
SENIORUNI er ein digital arena for deling av kunnskap. Annankvar måndag blir eit føredrag strøyma digitalt i biblioteket. Les meir på
www.senioruni.no.
Gratis, 45 minutt.