Arrangement

Rapport frå Kyiv. Ein kveld med ambassadør Lars Ragnar Aalerud Hansen

Logo
Hosted by:
Co-host:

Fire år sidan starten på den russiske fullskala-invasjonen kjempar ukrainarane framleis ein kamp for heile Europa. Korleis greier dei å halde samfunnshjula i gang under konstante angrep? Kva kan vi lære av Ukraina når vi skal styrke beredskapen og totalforsvaret vårt? 

Vi får besøk av Lars Ragnar Aalerud Hansen, som har vore Noregs ambassadør i Kyiv sidan september 2025. Lars, som er frå Brandbu, deler sin ferske analyse av kvar krigen står akkurat no, kvifor vår støtte til Ukraina er viktig både for dei og for oss, og kva vi kan lære av deira kamp. 

Hansen har over 20 års erfaring frå Forsvaret og utanrikstenesta. Han har tenestegjort i Moskva, Baku og no Kyiv, og leidde Seksjon for Aust-Europa i UD frå 2020 til 2025. Han er utdanna ved London School of Economics, The Fletcher School ved Tufts University, Universitetet i Oslo og Forsvarets høgskule.

Foredraget er ein del av Tålåst, Dovre og Lesja sitt samarbeidsprosjekt for å  skape nye møteplassar og styrka fellesskap i bygdene våre.

Category
Debate

Copy link for sharing to facebook groups

March 26, 2026

17:00 — 19:00

Practical Information

PlaceDovre folkebibliotek
AddressSentralplassen 3 C, 2660 Dombås, Noreg
Contact person

If you have any questions, please do not hesitate to contact us

Map