Tidlegare aktivitet

Folkemøte om idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Dovre

Logo
Vert arrangert av:

NYTT KLOKKESLETT! Dovre kommune skal lage ein ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Denne vil legge grunnlaget for kva vi skal prioritere i åra framover. Vi vil høyre kva som er viktig for at du skal ha ein aktiv kvardag, heile året. Har du eit favoritt-turmål? Ein stad i nabolaget der du saknar ein kvilebenk? Ein stig som skulle vore rydda? Korleis legg vi til rette for ungane våre?

Vi treng innspel på kva kommunen bør prioritere for at både små og store innbyggarar skal ha ein kvardag med fysisk aktivitet.

Vi finn fram store kart, lappar og tusjar og er klare til å høyre kva som er viktig for deg!

Kategori
Debate

Kopier lenkje for å dela til Facebook-grupper

April 13, 2026

17:00 — 19:00

Praktisk informasjon

Stad:Kantina på ungdomsskulen
Adresse:Lars Moens veg 5, 2660 Dombås, Noreg
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart