Jøndalen er ei naturperle der ein kan oppleve eit mangfald av historier, vill natur, ein rik fauna (ikkje nå) – som er lett tilgjengeleg og lett å ta seg fram i.
Vi arrangerer derfor ein tur frå hoppbakken, for alle som har lyst på tur saman med andre.
Ved hoppbakken vil vi fortelja om bakkens historie, da dette i si tid var ein kjend bakke det vart hoppa langt i.
Etter kvart går vi innover og stoppar ved restane etter skiferbruddet. Der vil vi fortelja om drifta og litt om kor skiferen vart brukt. Til slutt går vi inn til geitfjøset der vi vil fortelja om Russerhytta og dramatikken som utspann seg der for to russiske krigsfangar på rømmen.
Ved geitefjøset er det fint å setja seg for ein matbit og drikke som den enkelte sjølv tek med seg.
Turen inn er ca 4,5 km på ein lettgått grusveg.
Det er fleire moglegheiter for parkering, bl.a. ved hoppbakken men og langs Jøndalsvegen.
Vi tek eit lite værforbehold da det brått kan kome mykje nedbør ( i verste fall som snø) som gjer turen meir krevande for alle.
Det er inga påmelding, berre å møte opp.
Da ynskjer eg alle velkommen til ein «ut på tur dag, med eit historisk sus»
-Turleder Knut Rykhus