Søppelskatter
Ein figurteaterworkshop
Liker du å lage eigne ting?
Går du i 3. - 7. klasse?
Bli med da vell!
Ingen erfaring krevst - kun lyst til å skape.
Materiala vi bruker er… søppel! Plast, eggekartongar, korker og alt anna som elles hadde gått rett i søpla, skal vi forvandle til skattar.
Workshopen handlar om å ha det gøy, å samarbeide, og å kunne teste ut idear i eit trygt og kreativt rom. Vårt fokus er at alle kan skape, uansett utgangspunkt.
På 3 timer lagar vi figurar, og spel inn og lagar lyddesign.
Kven skal ha workshopen?
Skodespelar Sofie Huijs frå Lesja og komponist Martin Korssletten frå Otta.
Med Sofie kjem dykk til å lage figurar. Korleis beveger dei seg? Kan dei prate, eller lage lyd? Eller er dei stille?
Med Martin kjem dykk til å lage lyddesign. Kan søppel lage lyd?
Kor og når?
Breidablikk på Dombås, søndag 10. mai kl. 12:00 -15:00.
Ta med eiga matpakke!
Høyres dette ut som noko for deg?
Vi har kun 6 plassar, så vær rask med å melde deg på!
Påmelding gjennom skjema her: Påmelding: Figurteaterworkshop med Sofie og Martin – Fyll ut skjema
Vi gler oss til å sjå deg der!
Pris?
kr. 200,- per deltakar. Betalast gjennom Vipps på nr #115468 før kursstart.