Vil du vere med å lage ein kunstinstallasjon?
Velkome til kunstworkshop med Marit Benthe Norheim!
Saman med den profesjonelle kunstnaren Marit vil du få ein spennande moglegheit til å vere med å skape ein kunstinstallasjon, som vil vandre rundt i Norddalen i sommar.
Gratis workshop for kulturskuleelevar i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk.
For 6. trinn - 3. vgs.
OBS! 12 ledige plassar.
På Refleksjonshuset på Lesja.
Søndag 7. juni, kl. 10:00 - 13:00.
Påmelding innan 22. mai!
Påmeldingskjema: Påmelding: Kunstworkshop med Marit Benthe Norheim – Fyll ut skjema
Det vil vere åpen kafé, og moglegheit for å gå seg små turar på området for dei som ventar.
Det er også mogleg å ta ein prat med Claus Ørntoft - skaperen av kunstverket Cockpit.
Deltakarane vil arbeide med Marit Benthe Norheim sine teknikkar, og bruke byggematerial som betong, saman med teikning og glas, som kunstnerisk medium. Kvar deltakar lager eit individuelt objekt med ei tilhøyrande tekst. Dei individuelle arbeida blir sett saman til ein heilskap og dette verket blir ein installasjon som vil vandre i våre nærområde.
Lunsj er inkludert for alle deltakarar.