Dansk dramakomedie med høg sjarmfaktor.
Solvej, tidlegare skjønnheitsdronning og førtidspensjonist, lev heilt isolert med kjende rutinar og dyrkar gamle knuste draumar. I elektrisk rullestol dreg ho rundt med hunden og supplerer pensjon med sal av reseptbelagte pillar i nabolaget. På ein av desse turane møter ho 17 år gamle Kate, som fort blir hennar «partner-in-crime». Brått er ikkje livet så føreseieleg lenger.
Sjå trailer her: https://filmrommet.no/miss-viborg
Spelefilm, 2021, 1 time og 40 minutt.